Ein utøver skal dømast og lønast for sin prestasjon, ikkje etter kva gruppe ho/han/hen tilhøyrer. Dette er briljantstandarden i idrettsetikken. Raw Air bryt denne standarden, så langt utan protest frå skiforbundet, sponsorar eller presse.
(Kva desse aktørane eigentleg meiner, blir lagt inn bak i artikkelen etter kvart som dei svarar. LO har sålangt ikke opplyst om sin mening eller hvilket beløp de har spyttet inn i arrangementet).
Av Terje Marøy, sportsvakta.no
Mindre enn halvparten av hopparane i Raw Air får konkurrere om heider og den samanlagte premiepotten på 100.000 Euro; 60.000, 30.000, 10.000 for dei tre beste.
Tilhausten har eg vore fagorganisert i 50 år, av dei 32 år i LO. Då bør eg ha lov til å seia kva eg meiner om sponsor-påfunnet i organisasjonen min. Sjølv fattar eg ikkje korleis LO kan sponsa ein konkurranse der berre unge menn frå dei privilegerte familiar kan vinna.
LOs sponsorprogram er ikkje mykje omstridt. Sjølv stiller eg meg bak det, med unntak for mennenes RAW AIR, marknadsført som den råaste hopptevlinga i verda. Det reklamen ikkje fortel, er at utøvarar frå små nasjonar ikkje kan hevda seg samanlagt.
Berre 32 får lov til å vinna
Jan Bokløv var verdas fremste hoppar for vel 20 år sidan. I RA ville han aldri kunne vinna. I den norske troppen er det berre fire mann som får tevla om dei gjævaste plassane, like eins for dei andre stormaktene. Maksimalt 32 av dei rundt 70 deltakarane kan vinna.
Det skuldast at to lag-tevlingar med til saman fire hopp tel individuelt. Med fire tapte hopp, stiller dei fleste med eit poengminus på 4-500 poeng. Det blir som om norske lag i Champions League skulle starta kampane med 0-2.
Og eit bilete som vi i LO burde skjøne. Sett at ei verksemd vil stimulera produktivitet og rekruttering av unge arbeidarar, og klubben går med på ein resultatbonus. På premiedagen syner det seg at berre slektningar av leiarar og tillitsvalde vil få utbetalt premie. Heilt på trynet ville domen vore, før klubbleiinga hadde blitt kasta.
RA er usportsleg og bryt med idrettens grunnverdi, rettferdig tevling på like vilkår.
Tilfeldig
At berre 32 mann får tevla om samanlagt resultat, kjem av at berre åtte lag med fire mann får hoppa finaleomgangen. Men om berre seks av dei åtte beste i første lag-tevling kjem til finalen i den andre, vil det individuelle samandraget berre stå mellom 24 mann.
Så kan det syna seg at ein annan enn dei fire på laget er i best form. D skal han normalt setjast inn på lagtevling nr to. Blir han vraka fordi plassen går til ein dårlegare mann med betre samanlagtsjanse grunna feire hopp? Det blir og feil.
I fyrste lag-tevling denne sesongen mista Norge finalen fordi ein på laget vart diska (draktmål) i første omgang. Om same skjer det norske laget i RA, vil ingen norsk hoppar kunne vinna RA. Same med andre nasjonar. Kor blir spenninga av då?
Dette skal vera den mest prestisjetunge tevlinga å vinna. Kva prestisje ligg i urettferdige vilkår, og der hendingar utanfor hopparens eigen prestasjon blir avgjerande?
Skiforbundet og LO varsla
Alt første året blei Skiforbundet varsla om saka. I fjor vinter gjekk varselet vidare til LO. Inga endring er gjort. Det kan ikkje bety anna enn at både skifolket og fagrørsla tykkjer at rettferdig konkurranse ikkje er ein verdi å verna om i norsk idrett.
Om doping heiter det at dei reine skal vernast. Gjeld ikkje same vern mot rigga konkurransar, i slekt med kampfiksing i fotball.
Skiforbundet hevdar at dei vil halda fram med dette, fordi dei vil fremja hoppsorten ved å stimulera fleire land til å stilla lag. Men skal den einskilde utøvar betala prisen for dette ved å akseptera sportsleg klasseskilnad?
Enkel justering; forslag
Eg ber ikkje om mykje, berre ei lita justering. Fleire modellar kan tenkjast, dette er ein:
Dei 50 beste på kvalifiseringa, får hoppa i lagtevlinga, sjølv om dei ikkje er på noko lag. Vidare får dei 30 beste hoppa finale, pluss dei på finalelaga som ikkje er blant dei 30 fremste. Dermed kan lagtevlinga gå som no.
Individuelt skal berre dei som hoppar blant dei 30 beste få med seg andrehoppet i samandraget.
Dei som ikkje tilhøyrer noko lag, kan hoppa før laga i første omgang og etter laga i annen omgang. Men det kan sikkert tenkjast betre løysingar, om skiforbundet kan samla seg om å få til rettferd for alle.
LO
Eg protesterar særleg mot at LO skal bruka mine pengar til å sponsa diskriminering. Her har skifolket sett seg opp mot fagrørsla sine grunnverdiar, då krev eg at vi avsluttar dette samarbeidet; om dei ikkje kan lova ei jamstelt tevling i framtida. (Og framtida bør starta med årets RA).
Pressa
Og kor er pressa? Eit samstemt hyllingskor har fylgt tevlingane utan eit kritisk pip. Vil same skje i år?
***
Spørsmål til pressa:
Kva meiner de om at Raw Air berre gir maksimalt 32 deltakarar høve til å slåss om topplassen samanlagt, og premiar på 60.000, 30.000 og 10.000 Euro?
Svar blir lagt inn her:
Adresseavisen
Aftenposten
Dagsavisen
Dagbladet
Drammens Tidende
Gudbrandsdølen
NRK
TV2
VG
Spørsmål til sponsorane:
Er det i tråd med dykkar verdiar, at utøvarar frå små miljø må stilla med handikap i individuelle tevlingar?
Svar blir lagt til her:
LO
Konkurransereglene i RAW AIR
Idretten er en demokratisk bevegelse, hvor alle lover og regler behandles på felles kongresser eller ting. Vi er trygge på at konkurransereglene for RAW AIR, i likhet med alle andre internasjonale hopprenn også er behandlet på FIS sine møter, hvor alle nasjoner er tilstede.
Dersom sponsorene skulle blande seg inn i reglene for en konkurranse, ville det være å gripe inn i demokratiet og idrettens selvstendighet, og idretten ville da ikke være en uavhengig organisasjon. Det er en uskreven regel i Norge at sponsorer ikke blander seg inn i lover og regler, uttak eller lagoppsett. Denne reglen følger vi i LO nøye.
Spørsmål 2
LO sponser hopplandslagene, både herre og damelagene. Det betyr at både coc og juniorlandslagene er med regner i vår avtale. Vi betaler kr. 10 mill til Skiforbundet hopp for avtalen.
Liqui Moli
Riis Bilglass:
Riis Bilglass har et godt samarbeid med Norges Skiforbund på flere områder. Vi har ikke noe ønske om å uttale oss om innholdet i forbundets konkurransekonsepter.
***
Spørsmål til Norges Skiforbund
Kvifor har de vald eit Raw Air-konsept der ikkje alle utøvarar får stilla på like vilkår?
Svar:
Takk for din mail og ditt engasjement for Raw Air. Innhold og program i Raw Air vedtas av hoppkomiteen i det internasjonale Skiforbundet (FIS). Fra oppstarten av Raw Air har det vært bred enighet innad i komiteen rundt program for Raw Air og i de siste møtene i komiteen våren og høsten 2018 var det bred enighet om å videreføre det prinsipielle programmet fra 2018 også i 2019. I etterkant av turneringen i 2018 gjennomførte vi også en omfattende spørreundersøkelse til alle deltakende nasjoner og tilbakemeldingen fra godt over 90% av deltakerne var at de var meget godt fornøyd både med programmet og med gjennomføringen.
Vi føler således at programmet slik det nå fremstår er godt forankret i det internasjonale Skiforbundet og blant de nasjoner som deltar enten de har mange gode hoppere eller få - og vi har med unntak av din henvendelse i år og i fjor ikke mottatt negative tilbakemeldinger på dette.
Takket være samarbeidet med LO og støtte fra kulturdepartementet kan vi arrangere Raw Air for kvinner i 2019. For NSF var det viktig at dette skulle gjøres på de samme premisser som for herrene. Pengepremier og opplegg for kvinnene er likt som for herrene med justering for antall renn. Siden kvinnene skal videre fra Trondheim til en hoppturnering i Russland får vi dessverre ikke til fullt program for kvinnene i 2019 men vårt mål for fremtiden er å tilby en lengere turnering også for kvinnene.
(God presseskikk tilseier at ein ikkje skal hengja hale på eit tilsvar, men eg er blogg og berre presse minus. 90% er godt nøgd med opplegget, ikkje rart, fordi kva konkurranse for seg er flott. Men dagen då den beste hopparen kjem frå eit lite land må ta til takke med plassering 20+, vil uretten openberrast. Reine utøvarar skal ikkje berre vernast mot dopsynd, men og mot urette tevlingsvilkår. Diskriminering kan ikkje avgjerast av fleirtallsmakt; fleirtalsmakta skal tvertom verna minoritetsmiljøa; i dette høvet utøvarar frå ressursfattige idrettsmiljø. Terje S. M.).