07.04.2023 av Terje Salhus Marøy 0 Kommentarer
EINSRETTING PÅ AUTOPILOT
Sjølv støttar eg idrettsboikotten av Russland fullt ut. Men - bør det gjerast unntak for utøvarar som viser stort personleg mot, og som risikerer streng straff for å flagge sitt syn?
Eg veit ikkje kva Astrid har gjort. Men eg er alltid skeptisk når pressa og folket går på autopilot i ellers gode saker. Astrid har sjølv peika på at boikottsakene må kunne diskuterast.
Sjøv støttar eg idrettsboikotten av Russland fullt ut. Men bør det gjerast unntak for utøvarar som viser stort personleg mot, og som risikerer streng straff for å flagge sitt syn? Dette vil korkje politikarar, utøvarar, presse eller folk flest diskutera.
TO SAKER - KVIFOR UTESTENGA BELARUSARAR?
Både russiske og belarussiske utøvarar er utestengt. Kvifor det? I Belarus er det ikkje registrert folkeleg støtte til korkje krigen eller bruk av Belarus som oppmarsjområde for russiske styrkar. Utøvarane har heller ikkje latt seg bruka i propaganda for krigen.
Lukasjenko har sete ved makta på grunn av både valgfusk og og eit despotisk maktapparat som har fengsla opposisjonelle. Fleire av hans folkevalde motstandarar har flydd landet.
Mot dette bakteppet; er det rimeleg å skapa eit fiendebilete av det belarusiske folket og utøvarane deira? Eg tykkjer det er ein uproposjonal overreaksjon. Skal folk i eit diktatur stengjast ute, fordi leiarane er drittsekkar som støttar dritsekkar andre stader? Eller gjeld det berre kua belarusarar?
Kvifor drøftar de ikkje slikt, sportspressa, om set på landets fremste talarstolar?
RUSSLAND - IOC
Saka er heilt annleis for Russland. Russiske styrkar drep ukrainske utøvarar og bombar både sivile og sivil infrastruktur, inkludert idrettsanlegg. Dette blir heia fram av militærtilsette utøvarar som aktivt bidrar i Putins løgnpropaganda.
IOC er på bærtur her - som i mange andre saker.
MEN - no har dei kome med eit forslag om premiss for at russiske utøvarar skal få delta i OL.
1. Dei skal delta under nøytralt flagg.
2. Dei skal ikkje vera tilsette i miltærmakta.
3. Dei skal ikkje delta i lagkonkurransar.
Og
4. Dei må ta avstand frå krigføringa i Ukraina.
Ta eitt steg attende og sjå på vilkåra. Russland sjølv kallar dei heilt uakseptable. Det skulle tilseia at dei slett ikkje er so verst.
STORT PERSONLEG MOT
Eg skulle tru at vilkåra vil få svært få russarar, om nokon, til å reisa til OL. Dette vil være ei anti-Putin-handling.
Om nokon aktivt skulle fordøma invasjonen i Russland for å delta, er det ei handling som krev stort mot og føra til streng fengselstraff. Er ikkje dette standpunkt i handling som fortener beløning; som til dømes OL-deltaking?
I så fall må deltakarvisum gi automatisk rett til politisk asyl. Ein utøvar som lever ut IOCs premiss, vil ikkje kunne venda heim under det sitjande regimet.
MEN; russiske utøvarar har deltatt under nøytralt flagg før. Det ga dei blaffen i under avslutningsfesten i OL i fjor. So eg saknar eit femte punkt:
Diskvalifikasjon av utøvarar som bryt premissa etter konkurransane, inkludert medalje- og avslutningsseremoniar.
Det fins mange grunnar til at kollektiv straff kan vera naudsynt, sjølv om den råkar uskudige. Dei vaksne av oss hugsar td. boikotten av Sør-Afrika i apartheid-tida.
Det minste ein bør krevja er grundig vurdering i slike saker, ikkje EINSRETTING PÅ AUTOPILOT i sportsredaksjonar og hjå utøvarar og folk flest.
Kommentarer
Skriv en kommentar